Haugalandmuseene
 

Ølbrygging frå tradisjon til trend.

Museumstafetten 

 Karmsund folkemuseum

Torsdag 30.november kl.19.00

Ølbrygging frå tradisjon til trend

v/Hugo Sørbø

 Å brygge øl, både til jul og til resten av året, er ein gammal tradisjon som har tatt seg opp att. Øl blir rekna som verdas eldste drikk, ein har funne spor av øl mykje eldre enn spor av vin.Tradisjonelt vart øl brygga til festlige høver som bryllaup, vintersolverv eller gravferder.

Både brygginga og drikkinga var forbunde med sosiale lag, slik vi ser i dag og .Før gjekk ofte naboar i lag om brygginga, medan vi i dag ofte ser at det er vennegjengar som brygger i lag.Den nye trenden handlar både om å kjenne til tradisjonen med ølbrygging og å utvikle tradisjonen vidare.

Hugo Sørbø frå Skudeneshavn er ølbryggar.

Han driv Sørbø hjemmebryggeri i Skudenes og han kjem til Karmsund folkemuseum på Museumsatfetten for å fortelje og lære vidare om ølbryggeprosessen – korleis øl blir til gjennom mesking og gjæring.

Karmsund folkemuseum har ølbollar og ølkrus i utstillingane sine som det blir høve til å kikke på.

Kaffe og ein matbit blir det og tid til.

 Velkommen til Museumstafett på Karmsund folkemuseum

Torsdag 30. November kl. 19.00 – 21.00   Inngang kr. 50

Oppdag kunst og kultur på Haugalandet.

For flere opplysninger kontakt tove.selaas@haugalandmuseene.no

tlf. 52709360 /90977976

 

Samlarglede

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

 

Samlarar søkes

 

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling. Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet søndagar i januar 2018. Samlar du eller kjenner nokon med ei samling, ta kontakt med Karmsund folkemuseum.

 

Samlar

Blir du spurt om du samlar på noko – svarer mange  nei… jo, forresten eg samlar på gode minner. Sant nok, men sanninga er at mange av oss samlar og på ting.

Nokre få av oss fyller garasjen med store bilar, andre samlar på bilar som er så små at dei mest vekker morsinstinktet. Ein kan samle på det meste. Kulepennar, for eksempel, eller fotballdrakter, eller Pokemon-ting, postkort eller LP plater. For ikkje å snakke om steinar, DVD-ar, frimerke, myntar, eggeglas eller legofigurar.

 

Samling dreier seg i alle fall om interesser, er du interessert i fotball – så samlar du på fotballkort og ikkje bilar. Nokre er «Pippi-samlarar» og samlar dermed på alt mogleg, mens nokre samlar på heilt spesielle ting – eit spesielt år – ein spesielle kopp…

Nokre samlarar melder seg inn i klubbar og har klubbkveldar og reiser på turar i lag…

Kva du enn måtte føretrekke : Likar du å samle, likar du å sjå på kva andre samlar på, og likar du ting, så er dette for deg.

 

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling.

Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet ein søndag i januar 2018.

Del di samlarglede, din mani, din lidenskap og kunnskap med andre.

Museet ryddar plass, til eit utval av samlingane.

Velkommen til å vise samlinga di på Karmsund folkemuseum i januar 2018.

Ta kontakt med museet på 52709360.

Museumskvarter tirsdag 21.11 Hummerfiske

Hummerfiske

Hummerfisket har lange tradisjoner på Vest- og Sørlandet, og utviklet seg til å bli en lukrativ eksportvare fra 1600-tallet. Den gang kunne hummeren høstes helt oppe i fjæresonen ved bruk av lange klyper eller tenger av tre. Dagens fangstredskap, teiner, ble først innført på midten av 1700-tallet. Både Bokn, Skudeneshavn og Presthavn (Torvastad) var betydningsfulle havner i hummerfisket i Nord-Rogaland. I gode fangstår på 1800-tallet ble det fanget over 1000 tonn hummer i disktriktet. Museets har flere fangstredskaper fra hummerfisket som kan bidra til å fortelle om denne viktige og spennende delen av fiskerihistorien vår.

Velkommen til Museumskvarter på Karmsund folkemusem tirsdag 21 .11 kl 12.00 og hør konservator Grethe Paulsen Vie fortelle. Les mer »

Haugalandmuseene er konsolidert regionmuseum i Nord-Rogaland stiftet i 2005. Samlingene hører i dag inn under Arquebus krigshistoriske museum, Bokn bygdemuseum, Haugesund Billedgalleri, Hiltahuset, Karmsund folkemuseum, Nedstrand bygdemuseum og Vindafjordmuseet. Haugalandmuseene forvalter til sammen 42 bygninger, 52 000 gjenstander, 2 000 kunstverk, 660 000 foto, flere hyllemeter arkivmateriale og lyd- og filmopptak.

Lenker

Vi kan anbefale disse nettstedene:

Digitalt museum

Søk

Arkiv

Hva skjer

Loading...

Følg oss på Facebook