Museumstafett på bygdahuset i Ilsvåg
Museumstafetten 2018
Velkommen til Museumstafett på bygdahuset i Ilsvåg
Torsdag 29. november inviterer Haugalandmuseene til museumsstafett på bygdahuset i Ilsvåg.
Du vil få høyre delar av historia til dette huset – reist midt i 1930-år
som bedehus.
I dag seier skiltet bygdahus, det er like mykje bedehuset enno. Og – i alle år blir eit slikt hus kulturhuset for grendelaga.Slike hus har sine songar, sine vener og berarar, sine minne og historier. Ikkje alle gjekk på samlingane, men basaren og julefesten drog dei fleste på. Her vart det laga til minnestund etter farne, og her var bryllaup.
Me tek ein tur tilbake til det som var, på og omkring dette huset. Rakel Årak og Olav Skigelstrand er frå Ilsvåg, og har minne og historier å dela. Monica Nicolaisdatter Haugan vil leia oss inn i songane, og ho har òg – funne fram nokre juletonar frå våre område.
Det blir kaffi og litt å bita i, det er fast på desse kveldane. Det er tida òg – kl 19.00 -21.00
Ver velkomen til ein sein haustkveld innom lune vegger!
Arr. Vindafjordmuseet
Oppdag kunst og kultur på Haugalandet.
For flere opplysninger kontakt tove.selaas@haugalandmuseene.no tlf.52709360/90977976
Bilde: Kaffekjele frå Ilsvik bedehus MHB 09797