Haugalandmuseene
 

Haugalandmuseene i 15 år

Baustad ungdomshus

I desse dagar er det 15 år sidan Haugalandmuseene AS blei skipa som eigen organisasjon. Det er på tide med ei oppsummering, og i den neste årboka vår, Haugalendingen 2017-2018, blir ein egen artikkel via museet. Konsolideringa av musea, slik staten la opp til det, var ein kvalitetsreform, der det var viktig å styrkje musea som kompetansebedrifter. Vi har gjennom desse 15 åra styrka museet med fagstillingar innan formidling og forvaltning. Talet på stillingar er auka frå fem og ei halv stilling til det doble med kontorleiar, formidlingsleiar, handverkar og magasinforvaltar, samt ei fotoarkivarstilling som er felles for regionmusea i Rogaland. 

I løpet av av 2017 og 2018 har styret i Haugalandmuseene AS beredt grunnen for ei ny og meir omfattande konsolidering. Grunnlagsdokumentet for det nye museet er vedteke i kommunestyra i Utsira, Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Bokn. Sermerkt for musea i regionen er at dei er bygd opp av frivillige, og drive på dugnad i 40-50 år. Musea er organisert som stifting, foreining og kommunalt føretak. Gledeleg er det at alle kommunane går inn i den nye eininga og oppløyser gamle styringsformer. Det er lagt opp til at musea dannar veneforeningar i staden. Arbeidet skal ferdigstillas i løpet av 2018, og eit nytt regionmuseum kan sjå dagen lys i 2019.

Du kan lese meir om museumsdrifta på Haugalandet i den nye årboka vår, som er klar i desember. Dette er den sjuande årboka som regionmuseet gir ut, og er soleis en av fleire felles prosjekt som regionmuseet har hatt i desse åra. Eit anna fellestiltak er Museumstafetten, som har rulla og gått i alle femten åra,, med sju til åtte månadlege kulturopplevingar siste torsdag i månaden – det vere seg omvising, kåseri eller vandring. Stafetten har vore, og er eit populært tiltak både for arrangør og publikum. Her har publikum fått høyre historiar og besøke stader det ikkje er lett å kome til. Stafetten har knytta regionen saman og aktivisert alle museumsavdelingane. 

 

Haugalandmuseene er konsolidert regionmuseum i Nord-Rogaland stiftet i 2005. Samlingene hører i dag inn under Arquebus krigshistoriske museum, Bokn bygdemuseum, Haugesund Billedgalleri, Hiltahuset, Karmsund folkemuseum, Nedstrand bygdemuseum og Vindafjordmuseet. Haugalandmuseene forvalter til sammen 42 bygninger, 52 000 gjenstander, 2 000 kunstverk, 660 000 foto, flere hyllemeter arkivmateriale og lyd- og filmopptak.

Lenker

Vi kan anbefale disse nettstedene:

Digitalt museum

Søk

Arkiv

Hva skjer

Loading...

Følg oss på Facebook