Haugalandmuseene
 

Samlarglede

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

 

Samlarar søkes

 

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling. Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet søndagar i januar 2018. Samlar du eller kjenner nokon med ei samling, ta kontakt med Karmsund folkemuseum.

 

Samlar

Blir du spurt om du samlar på noko – svarer mange  nei… jo, forresten eg samlar på gode minner. Sant nok, men sanninga er at mange av oss samlar og på ting.

Nokre få av oss fyller garasjen med store bilar, andre samlar på bilar som er så små at dei mest vekker morsinstinktet. Ein kan samle på det meste. Kulepennar, for eksempel, eller fotballdrakter, eller Pokemon-ting, postkort eller LP plater. For ikkje å snakke om steinar, DVD-ar, frimerke, myntar, eggeglas eller legofigurar.

 

Samling dreier seg i alle fall om interesser, er du interessert i fotball – så samlar du på fotballkort og ikkje bilar. Nokre er «Pippi-samlarar» og samlar dermed på alt mogleg, mens nokre samlar på heilt spesielle ting – eit spesielt år – ein spesielle kopp…

Nokre samlarar melder seg inn i klubbar og har klubbkveldar og reiser på turar i lag…

Kva du enn måtte føretrekke : Likar du å samle, likar du å sjå på kva andre samlar på, og likar du ting, så er dette for deg.

 

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling.

Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet ein søndag i januar 2018.

Del di samlarglede, din mani, din lidenskap og kunnskap med andre.

Museet ryddar plass, til eit utval av samlingane.

Velkommen til å vise samlinga di på Karmsund folkemuseum i januar 2018.

Ta kontakt med museet på 52709360.

Haugalandmuseene er konsolidert regionmuseum i Nord-Rogaland stiftet i 2005. Samlingene hører i dag inn under Arquebus krigshistoriske museum, Bokn bygdemuseum, Haugesund Billedgalleri, Hiltahuset, Karmsund folkemuseum, Nedstrand bygdemuseum og Vindafjordmuseet. Haugalandmuseene forvalter til sammen 42 bygninger, 52 000 gjenstander, 2 000 kunstverk, 660 000 foto, flere hyllemeter arkivmateriale og lyd- og filmopptak.

Lenker

Vi kan anbefale disse nettstedene:

Digitalt museum

Søk

Arkiv

Hva skjer

Loading...

Følg oss på Facebook