Haugalandmuseene
 

Museumstafett, Nerheimstunet torsdag 28.september

NERHEIMSTUNET, Ølen, Vindafjord kommune.

Djup jord”

 Jens Tvedt skreiv romanen ”Djup jord” i 1904, og sidan har forteljinga om prestedottera og hennar kjærleik til gardsdrengen Sigmund gripe mange lesarar. No vert soga formidla på nytt gjennom ei framføring av Johanne Øvstebø Tvedten, formidlingsleiar ved Sunnhordland museum gjennom mange år. Ho har omarbeidd teksten, og framfører den som forteljeteater

«Djup jord» byggjer på ei sann soge frå Stord kring 1825. Eric Olsen var sokneprest i Stord, og budde i prestegarden, som den gongen låg i Sævarhagen, saman med si danske kone og deira seks born. Den 30 år gamle dottera Ulrikke forelska seg i den mykje yngre gardsdrengen Georg, men dei to vart skilde og sende bort, kvar til sin stad. Ulrikke fødde ein son, men prestefrua sette han vekk til slektningar. Vi veit at Ulrikke seinare flytte til Bergen med sonen sin Jørgen, og sytte for god utdanning til han der. Jørgen kom seinare tilbake til Stord som sakførar, medan drengen vart gift, og busette seg i Valestrand.

Jens Tvedt fekk høyre denne forteljinga av kona si, Gudrun Gjøseter, for Ulrikke var grandtanta hennar. I Tvedt si omskriving møter vi Adele og Sigmund, og det er prestefrua som står bak renkespelet som skil dei to unge, medan presten er forsonande.

Torsdag 28.sept kl. 19.00 – 21.00

Inngang kr. 50, kaffe og noko attåt.

I samarbeid med Ølen og Bjoa sogelag

 

For flere opplysninger kontakt tove.selaas@haugalandmuseene.no tlf.52709360/9097797

 

 

Haugalandmuseene er konsolidert regionmuseum i Nord-Rogaland stiftet i 2005. Samlingene hører i dag inn under Arquebus krigshistoriske museum, Bokn bygdemuseum, Haugesund Billedgalleri, Hiltahuset, Karmsund folkemuseum, Nedstrand bygdemuseum og Vindafjordmuseet. Haugalandmuseene forvalter til sammen 42 bygninger, 52 000 gjenstander, 2 000 kunstverk, 660 000 foto, flere hyllemeter arkivmateriale og lyd- og filmopptak.

Lenker

Vi kan anbefale disse nettstedene:

Digitalt museum

Søk

Arkiv

Hva skjer

Loading...

Følg oss på Facebook