Haugalandmuseene
 

Museumstafetten til Ølen


Velkomen til museumstafett torsdag 27. mai kl 19.00 på Nerheimstunet i Ølen. På programmet denne kvelden står Johanne Øvstebø Tvedten si forteljeframsyning “Madli Und`Apalen” etter ein roman av Jens Tvedt.

Ho framfører sjølv stykket i saman med songarinna Maria Malmsten. Servering av kaffe og kaker. Inngangspengar kr. 50. Barn gratis. Trenger du skyss fra Haugesund? Ta kontakt med Grethe P. Vie på tlf 48 15 25 09

Nerheimstunet ligg i Ølen kommune, og er eitt av opphavleg to gardstun som stod på bruket Nerheim Store. Dei hadde eldhuset felles, og difor er det større enn vanleg, og med inngong frå begge endar. Tunet har vært ein del av Sunnhordland Museum frå 1969. I dag er bygningane restaurerte, og på garden står ei løe, eit fjøs, eit eldhus, eit stabbur og eit bustadhus med kjøkken i midten, to stover og lem.Nerheim tyder heimen til Njord, sjøguden og fruktbarheitsguden i den norrøne trua. Staden vart også kalla Njardheim i eldre tider. I førkristen tid stod det eit gudehov her. Bygdetingent har også truleg halde til her. Frå 1326 til omlag 1860 er Nerheim nemnd som ein kyrkjestad, men i 1874 vart det bygd ei kyrkje på ei ny tomt ved sjøen. Kyrkjegarden vart liggjande på Nerheim, og det gamle våpenhuset vart lenge ståande som reiskapshus.

Gardstunet på det eine bruket på Store Nerheim reknar vi med vart reist omlag 1660, og har alltid vore sjølveigande. Mykje militært befal har budd på Nerheim. Den siste som dreiv garden var Anna Steensdtr, den yngste av ein søskenflokk på ni. Ho hadde ingen etterkomarar, og tesamenterte garden til Sunnhordland Museum i 1969. 

Haugalandmuseene er regionmuseum for Nord-Rogaland - et museum som inviterer til utfordrende møter med lokal, nasjonal og internasjonal kultur

Lenker

Vi kan anbefale disse nettstedene:

Digitalt museum

Søk

Arkiv

Hva skjer?

Følg oss på Facebook