Stemmer frå aust – digitale forteljingar
Stemmer frå aust er eit lite dokumentasjonsprosjekt, støtta av ABM-utvikling, der kvinner frå tidlegare aust-europeiske land har fortalt sine historier om det å komme til Noreg. Det er Vindafjordmuseet og prosjektleiar Monica Nicolaisdatter Haugan som har intervjua og samla inn fotografi frå desse kvinnene. Det er laga to digitale forteljingar som no ligg ute på digitaltfortalt.no.
Prosjektet starta opp i Mangfoldsåret 2008. Målet var å dokumentera historiene til kvinner frå land aust i Europa gjennom digitale forteljingar. I bygda Vikedal i Vindafjord kommune har fleire kvinner frå disse landa slått seg ned. Eit mål med prosjektet har vore å la kvinnene vera med og samla inn nye forteljingar frå bygdas historie. Kvinnenes historier er immaterielle kulturminne, som er viktige å ta vare på for ettertida. Eit anna mål har vore å synleggjera Vindafjord og bygda Vikedal som eit fleirkulturelt samfunn, og få høra om ulike grunnar til å komme til Noreg, ulike tankar om å bu i Vikedal og ha ståstad i to kulturar. Grunnane til innvandring er mangfaldige og opplevinga av å bu i Vikedal er mangfaldige. Med dette prosjektet har vi ønska å bidra til at kvinner frå andre land, også i ei lita bygd, får sine stemmer, historier og fotografi inn i samlingane.
